Protokoll årsmøte 2010

Protokoll

Årsmøte i Rauma Historielag

Dato: 17.03.2010, kl 20.00

Stad: Rauma rådhus

Tilstades

Eirik Hoem, Per Arne Skomsø, Tørris Haugan, Einar Klungnes, Einar Sæther, Grethe Sæther, Målfrid Gjerstad.

1. Årsmelding 2008-2009

Årsmelding for 2008-2009 vart gjennomgått av leiar.

Vedtak: Årsmelding einstemmig vedteke

2. Rekneskap 2008-2009

Rekneskapen for 2008-2009 vart gjennomgått av leiar.

Vedtak: Rekneskap einstemmig vedteke.

3. Arbeidsprogram og budsjett for 2010

Forslag til arbeidsprogram og budsjett for 2010 blei lagt fram under møtet. Det kom forslag frå Eirik Hoem om at ein i arbeidsprogrammet for 2010 har eit arrangement i tillegg til Kulturminnedagen, ellers ingen endringar på arbeidsprogrammet og budsjettet.

Vedtak: Forslag frå Eirik Hoem einstemmig vedteke.

4. Fastsetting av årskontingent

Det vart lagt fram forslag om at årskontingenten for 2010 blir uforandra frå tidlegare år og på kr 200. Kontingent for 2010 sendast ut i mars 2010. Kontingent frå og med 2011 sendast ut saman med årskriftet på slutten av kalenderåret. Det skjer første gong  i 2010.

Vedtak: Einstemmig vedteke.


5. Val

Årsmøtet gjorde dette vedtaket:

Styret i historielaget:

Leiar: Per Arne Skomsø (1 år)

Eirik Hoem (2 år, ny)

Ågot Alnes Orvik (2 år, ny)

Tørris Haugan (1 år)

Einar Klungnes (1 år)

Vara til styret:

Einar Sæther

Målfrid Gjerstad

Arvid Moe

Styret konstituerer seg sjølv og veljer kasserar og  sekretær.

Revisor:

Sverre Gjerstad (ny)

Skriftstyre:

Torgeir Næss

Einar Klungnes

Asmund Kylling

John Aasen

Brit Landmark (ny)

Britt Iren Pedersen Neergård (ny)

Valkomité:

Per Bersås (ny)

Thomas Brekken (ny)

Edel Rydjord (ny)

Møtet slutta kl 21.15

Referent: Eirik Hoem