Vi inviterer til Kulturhistorisk vandring i Rødven, søndag 21.august 2022, kl.13.00 (rett etter frilufts-gudstenesta som startar kl.12.00).
- Vi startar ved Rødven stavkyrkje, og går 276 meter etter den gamle fylkesvegen langs elva. Då kjem vi til ruinane av Fellesmeieriet i Rødven, frå seint på 1800-talet.
- Så går vi tilbake 96 meter, forbi Rødven mølle og snakkar litt om denne.
- Neste stopp er Rødven stavkyrkje, der det blir omvisning både ute og inne.
- No har vi den tyngste turen att, opp vegen til Skolehagen museum. Også der blir det omvisning, i hovudhuset, på låven og i magasinet, som siste punkt på vandringa.
- I Skolehagen blir det sal av kaffe, påsmurt og kaker.
- Omvisaren på vandringa heiter Per Arne Skomsø.
- Kostnader: Stavkyrkja: kr.50. Kaffe og mat i Skolehagen: kr.100. VIPPS kan brukast, men helst kontantar (dårleg mobildekning).
- Arrangørar: Rauma historielag, Fortidsminneforeninga og Skolehagen i Rødven
- Alle er velkomne!