Bygdebok/bosettingshistorie for Rauma – arrangement på Rauma kulturhus lørdag 21. september 2019

Om å førebu og gjennomføre eit bygdebokprosjekt i ei stadig meir digitalisert samtid, der også dei tradisjonelle finansieringsformene er under press. Rauma historielag har i nokre år hatt arbeid med ei bygdebok av busetnadssjangeren på arbeidsprogrammet. Dei siste to-tre åra har laget vore pådrivar for eit dugnadsbasert arbeid med å dataregistrere kyrkjebøkene for kommunen og publisere desse på den ope tilgjengelege nettstaden Digitalarkivet. Det er eit arbeid som mange allereie har fått glede av, og det er eit nødvendig førebuingsarbeid for ei slik bygdebok. Arrangementet passer for alle med interesse for bygdehistorie.

Program:
Foredrag ved Arnfinn Kjelland, dosent, Høgskulen i Volda:
«Bygdebøker i hundre år. Utviklingstrekk i innhald, modellar, finansiering, arbeidsformer og metodar for delsjangeren busetnads- eller gards- og slektshistorie».

Foredrag ved Chris Nyborg, seniorrådgiver, Norsk lokalhistorisk institutt på Nasjonalbiblioteket:
«Digitale bygdebøker : utviklinga så langt og vyer for framtida».

Spørsmål og diskusjon

Stad: Kulturhuset (Romsdalshorn), Åndalsnes kl. 14-16.
Arr.: Rauma historielag i samarbeid med Høgskulen i Volda